Personvern
Denne nettsida
minspor.no bruker ingen informasjonskapslar, ingen analyseverktøy og inga sporing. Sida hentar ingenting frå andre nettstader. Webhotellet lagrar vanlege tekniske loggar for drift og tryggleik.
Når du skriv til oss
Skriv du til post@minspor.no, bruker vi namnet, e-postadressa og det du skriv berre til å svare deg og følgje opp førespurnaden. Vi slettar e-posten når han ikkje trengst lenger. Behandlingsansvarleg er Spor DA.
Spor i skulen
Når ein skule bruker Spor, er skuleeigaren (kommunen eller fylkeskommunen) behandlingsansvarleg, og Spor er databehandlar etter ein databehandlaravtale. Elevdata blir lagra i EU/EØS, blir aldri selde, aldri brukte til reklame og aldri brukte til å trene KI. Skuleeigaren kan laste ned alle data og bestille sletting når som helst.
Rettane dine
Du kan be om innsyn, retting eller sletting ved å skrive til oss. Du kan klage til Datatilsynet.